Project Description

“Peer Gynt” ved Gålåvannet

Sidan 1989 har tusenar kvart år benkja seg ved Gålåvatnet for å oppleva framføringa av Henrik Ibsens drama i riket til den historiske Per. Med naturen som amfi og Gålåvatnet som bakteppe blir teaterstykket framført i samspel mellom profesjonelle skodespelarar og dyktige amatørar. Kombinert med Griegs musikk og sommernattas melankoli gir dette publikum ei oppleving som set spor; få drar frå Gålåvatnet utan å føle seg i slekt med Peer.